Vinduer til Showbox!

Vinduer til Showbox!

Vinduer er ei framsyning om å migrere, frivillig eller under tvang, og viktigheita av bli forstått og gjere seg forstått.

Vi møter unge menneske med ulik geografisk og kulturell bakgrunn. Vindauge blir opna til ei verd utan klare grenser, men der dei gamle grensene likevel står som stengsel.

Klokka er 16.07. Det er februar. Året er 2019. I korte glimt høyrer vi stemmer frå ei seng i Buenos Aires, ein søppelplass utanfor Paris, ei stove i Karasjok, ei strand ved Fukushima, eit toalett i USA og ei containarhamn i Afrika. Vi høyrer unge stemmer som vil vekk, vidare og fram.

Vinduer hadde urpremiere under Heddadagene i juni i år, og fikk terningkast 6 i Dagbladet: «Poesi, humor, filosofi og provokasjon». Forestillingen var en av de store snakkisene under Heddadagene, og vi er stolte av å kunne presentere den på Showbox!

Vinduer er ein idé som blei fødd i 2008. Eg hadde vore på besøk i Buenos Aires, treft bror min og den anarkistiske gruppa han er med i. Før eg trefte dei, tenkte eg på anarkisme som ein romantisk og gammal idé, medan det for dei var meir levande enn nokosinne. Ein månad seinare kom eg heim til Oslo og leste at over 4000 unge menneske søker om å få bli deltakarar i Paradise Hotel. Same veke fekk eg ein telefon frå bror min: vennen hans var forsvunnen. Han blei funnen død nokre veker seinare med eit skot i hovudet. Dette sette i gang mange tankar hos meg.

Veronica Salinas

MED

Sarakka Gaup
Amalie Hyun Ju Eggen
Felipe Orellana
MariAma Fatou Kalley Slåttøy
Beatur
Taro Vestøl Cooper

Produksjonen er eit samarbeid mellom Veronica Salinas, Hålogaland Teater og Det samiske nasjonalteatret Beaivváš. 

Målgruppe: Fra 15 år