Ekstratilbud: Verkstad – Hallingbreak

02/12/2017 - 11:00 - 14:00

Norsk folkedans er akrobatisk og vakkert, med lange tradisjonar er det ein flott del av den norske kulturen. Breakdans er nyare i Noreg, men har etterkvart blitt «allemannseige». Det er ein del av «det nye norske». Dessutan står kanskje ikkje halling- og breakdans så langt frå kvarandre som ein kanskje skulle tru?Vi ønskjer velkommen til ein spennande verkstad med Noregesmeister i breaking, Marcus Andreassen, og ein av Noregs dyktigaste hallingdansarar, Anders Aasberg!

Tid: 2.12 kl. 11.00-14.00

Stad: Foajeen på Det Norske Teatret

Alder: mellom 6-16 år

Spesialpris: spesialpris 150 kr