Showbox Fringe: Charlie og sjokoladefabrikken

Showbox Fringe: Charlie og sjokoladefabrikken

Det norske teatret

05/12/2019 - 16:30 - 18:30

Kjøp billett

VERDAS MEST SMAKFULLE MUSIKAL!

Bli med inn i sjokoladefabrikken som gir deg vatn i munnen og fritt spelerom for fantasien! Her er ingenting for godt til å vere sant, sjølv om alt ikkje er så søtt som det ser ut. Charlie og sjokoladefabrikken er ei herleg dryg og mørk historie for både barn og vaksne, der dei slemme får som fortent og dei snille får oppfylt sine søtaste draumar. Møt Ompa-Lompaar, ein ekorn-hær, ein sjokoladeinnsjø og glasheis. Dette er ei hyllest til fantasien og skaparkrafta, for i fabrikken til Willy Wonka er det berre lov å spørje «korleis», ikkje «kvifor», og du må tru det for å sjå det.

 

Showbox Fringe er et ekstratilbud til Showbox gjester, og ikke inkludert i vår billettrabatt til delegater.

Speler på Hovudscenen på Det Norske Teatret

Link til nettsida: https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/charlie-og-sjokoladefabrikken