Åpningsforestilling: Torn og Rose
Åpningsforestilling: Torn og Rose i Eventyrland

Åpningsforestilling: Torn og Rose i Eventyrland

Teater Vestland/Nordland Teater/Teatret Vårt

28/11/2023 - 18:30 - 19:45
Frå 6 år

Kjøp billett

Krise! Eventyrland har begynt å miste magien sin, og det er like før det er snipp snapp snute for alle dei underfulle skapningane som bur i landet bortom stjernestøvet. For å vekke opp att folk sin kjærleik for eventyr inviterer Torn og Rose publikum til omvising i Eventyrland for aller første gong!

Etterkommarane etter ein av Eventyrlands mest kjende dronningar har planlagt ein morosam og actionfylt dag i Torneroseslottet, men underlege ting begynner å skje.

Saman med publikum må Torn og Rose kjempe sitt livs kamp for å redde Eventyrland. På vegen støyter dei på gode feer, alvedronningar og magiske havskapningar – og kanskje til og med ein heilt levande drake?

Dei eldste teatertriksa i boka blir blanda med den aller nyaste teknologien for å gi publikum ei teateroppleving Europa aldri har sett maken til. Trur du ikkje på drakar og feer frå før, kjem du garantert til å gjere det når framsyninga er ferdig!

Lengd: ca 70 minutter
Målgruppe: Familieforestilling, frå 6 år
Språk: Norsk

Teater Vestland

I rollene: Carina Furseth, Peder Lauvås og Idun Losnegård
Dramatikar og regissør: Cecilie Grydeland Lundsholt
Scenograf og kostymedesignar: Birgitte Strid
Dramaturg: Kristian Lykkeslet Strømskag
Komponist: Johann Prell
Lyddesignar/Foley artist: Yvonne Stenberg
Prosjektleiar: Storyline Studios Vidar Grande
Lysdesignar: Vegar Angel Andreassen
Videodesignar: David Lejard-Ruffet
Produsent: Anders Nybø
Prosjektleiar: Glitch Studios Sami Hamid
Animatør: Cenk Koksal
AR-utviklarar: Onat Döker, Hasan Ulaş Sarikaya
Teknisk rådgjevar: ARShow Isaac Barel
Produksjonsrågjevar: ARShow Sasha Kreindlin
Foto: Jan von Holleben

Produsert av: Teater Vestland, Nordland Teater og Teatret Vårt i samarbeid med Glitch Studios, ARShow og Storyline studios Støttespelar Kulturdirektoratet