Showbox Fringe: Tschick – Adjø Berlin
Showbox Fringe: Tschick – Adjø Berlin

Showbox Fringe: Tschick – Adjø Berlin

Det norske teatret

03/12/2019 - 19:30 - 21:30
Ungdom

Kjøp billett

EI REISE OG EIN SOMMAR SOM ENDRA ALT

Om å vere på veg til noko nytt og ukjend og kjenne seg verkeleg levande, for første gong i livet.

Det er siste skoledag før sommarferien. Tatjana har invitert klassen på fest, men Maik blei aldri invitert. Ikkje har han planar for sommarferien heller. Han skal vere åleine i villaen familien bur i. Men så dukkar Tschick opp i ein stolen Lada … Med det startar ei reise som kjem til å endre det meste for dei to fjortenåringane. Ein sommar som kunne blitt uuthaldeleg kjedeleg blir i staden fylt med vennskap, forelsking, merkelege hjelparar og dramatikk. Sommarferie blir ein roadmovie med endelause vegar og landskap som flyg forbi. Ei reise som også skjer på innsida. Dei rekk ikkje å bli heilt vaksne på desse dagane, men kanskje litt vaksnare. Bilturen får ein bråstans, og sommarferien tek slutt. Men så mykje er forandra.

 

Showbox Fringe er et ekstratilbud til Showbox gjester, og ikke inkludert i vår billettrabatt til delegater.

Framsyninga speler på Scene 2 på Det Norske Teatret.

Link til nettsida: https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/tschick